“Gjennom å sjå kvar vi har vore,
kan vi sjå kvar vi skal."
Gaular - om fjord foss og fjell
Så lenge mennesket har levd, har snøfnugg dala ned over dei kvite tindane på Gaularfjellet. Kvar sommar smeltar snøen til rennande vatn som styrtar gjennom dalar og fossar, før det atter finn vegen til havet i vest.
Bli med på ei tidsreise gjennom Sunnfjord, frå dei første vikingane som segla inn Dalsfjorden, til dagens reisande som ferdast mellom fjell, foss og fjord.
Hestad Kapell - om bygg og landskap
Ved den stille enden av Hestadfjorden, omkransa av skog og fjell, ligg Hestad kapell, eit av dei mest særmerkte gudshusa i Sunnfjord.
Med mørke tjærede veggar og raudt teglsteinstak har det stått mot tidens tann i fleire hundreår.
Hit kom folk roande over vatnet, i både glede og sorg og kapellet står framleis som eit vitne om bygdeliv og samhald kring fjorden.
Forteljinga kjem.
Forteljinga om dalen med naustet...
Naustdal har røter djupt i historia, ved utløpet av Førdefjorden der fjell og elv møtest.
Arkeologiske funn viser busetnad heilt frå steinalderen, og bygda vart tidleg eit naturleg knutepunkt for ferdsel og handel.
Naustdal kyrkje har vore midtpunkt for både tru og bygdeliv sidan mellomalderen, og jorda langs dalføret har gjeve levebrød til generasjonar av bønder og fiskarar.
Forteljinga kjem.
Forjellingen om fjorden i Nord
Eid, midt i hjartet av Nordfjord, har vore eit samlingspunkt heilt sidan vikingtida.
Her låg eit av dei største gravfelta frå denne perioden, og sagaforteljingar knyter staden til høvdingar og skip.
Med den breie Eidsgata som historisk handelsåre, voks bygda fram som eit sentrum for handel, kultur og rettsstell.
I dag ber både landskapet og bygdelivet vitne om ei rik fortid som framleis pregar identiteten til Nordfjordeid.
Forteljinga kjem.